Kræsjkurs i nynorsk – del 1

Skal du snart opp i nynorskeksamen, men blir litt sveitt og nervøs av tanken? Har du gløymt reglane for substantivbøying, og korleis er det eigentleg med desse j-lydane som dukkar opp i mange ord? Fortvil ikkje, det er framleis mogleg å få ein viss kontroll. Forhåpentlegvis kan du plukke opp nokre tips frå dette mini-kræsjkurset i nynorsk. 

For å lære seg å skrive god og riktig nynorsk er det sjølvsagt best å ta det gradvis over lengre tid. Dersom eksamen er rett rundt hjørnet har du nok ikkje tid til dette, og må ta nokre snarvegar. Dette innlegget handlar om grunnleggjande forskjellar mellom ord i nynorsk og bokmål.
Uansett kva slags oppgåve du skal skrive på eksamen, er det somme ord som blir brukte så ofte at du nesten ikkje kan unngå dei. Dersom ein lærer seg slike småord kan ein unngå mange unødvendige feil. Her er ei liste med viktige ord som er ulike på nynorsk og bokmål:

  1. Personlege pronomen: eg– jeg , ho – hun, dei – de, dykk – dem (objektsform).
  2. Småord: ikkje – ikke, mykje – mye, meir – mer, frå – fra, utan – uten, noko – noe, nokon – noen, nokre – noen, berre – bare, ein – en, same – samme, annan – annen, kvar – hver ( f.eks. kvar gong = hver gang), viss/dersom – hvis.
  3. Spørjeord: kva – hva, kven – hvem, korleis – hvordan, kvifor – hvorfor, kor eller kvar – hvor
  4. Andre ord ein kan få bruk for: annleis – annerledes, framleis – fortsatt, sjølv – selv, å vere – å være, fleire – flere, hovud – hoved (f.eks. hovudstad), elles – ellers, høyre – høre, køyre – kjøre, stad – sted, klede – klær, førre – forrige, veke – uke, val – valg.

Elles er det verd å merkje seg at ord som sluttar på –lig eller –som på bokmål, sluttar på –leg eller –sam på nynorsk. Eksempel: vanskeleghyggjelegmorosamvarsam.

Fleire vokalar på rad
Mange nynorskord har fleire vokalar etter kvarandre, eit fenomen som blir kalla diftong. Eksempel på slike ord: heite – hete, haust – høst, løyse – løse, drøyme – drømme, leike – leke, fleire – flere.

Sjølv om dette er tilfellet i mange ord, er det viktig å ikkje overdrive: ikkje legg til fleire vokalar enn du skal! Eksempel på slike overdrivingar er: fleist (flest), meist (mest), beistemor (bestemor). Hugs at det er mykje likt i bokmål og nynorsk.

Valfrie former
I nynorsk finn vi ein del valfrie former – det betyr at du kan velje fritt mellom å bruke forskjellige variantar av ord. Nokre eksempel på slike ord: derfor/difor – me/vi – formål/føremål – å gi/ å gje.  Det gjeld også om du vil ha med j-lyd i mange verb:
– å byggje/ å bygge, å leggje/legge, å følgje/ å følge, å tenkje / å tenke.

Som eksempla viser, finst det ofte ei form som er identisk som på bokmål, eller i det minste svært lik. Eit tips kan vere å skrive lettast mogleg – du treng ikkje å bruke den vanskelegaste forma berre for å imponere. Dersom to former er oppført i ordboka er begge formene like riktige. Det er likevel viktig å vere konsekvent, og ikkje veksle mellom å bruke f.eks. «me» og «vi». Konsekvent bruk av språket gir eit betre og meir gjennomført inntrykk av teksten din.

På eksamensdagen
Det beste tipset på sjølve eksamensdagen er å bruke ordboka. Dersom du er usikker på stavemåten eller bøyinga til eit ord, er det fort gjort å slå opp i ei ordbok. Dette inneber at du må vere kjent med å bruke ordboka frå før, og dermed er det lurt å bruke vekene fram til eksamen til å øve litt. Skaff deg ei nynorskordbok i god tid før eksamensdagen, så rekk du å trene på å finne fram!

Hilde jobber som hjelper i Skolehjelp.

Hilde jobber som hjelper i Skolehjelp og er forfatter av dette kræsjkurset.

Få ekstra hjelp i eget hjem før eksamen!

Les mer om vårt opplegg her!