Kræsjkurs i nynorsk – del 2: Bøyingsmønster hos substantiv, verb og adjektiv

Grammatikk er ikkje alltid det kjekkaste å pugge, men er likevel heilt nødvendig for å kunne skrive ein god tekst på nynorsk. Bøying er ein sentral del av grammatikken, og dersom du lærer deg å bøye orda riktig er du på god veg til å bli ein dyktig nynorskskribent. Det er heldigvis bestemte bøyingsmønster som går igjen hos dei ulike ordklassene, og dermed er det lettare å få kontroll over systema. I dette innlegget presenterer eg grunnleggjande trekk ved bøying av substantiv, verb og adjektiv.

Substantiv
I norsk deler vi orda våre inn i ti ulike ordklasser. Ei av dei største og viktigaste ordklassene er substantiv. Dette er nemningar for konkrete og abstrakte ting, i tillegg til plassar og personar. Under eksamen kjem du garantert til å bruke mange substantiv, og då er det greitt å vite litt om korleis dei blir bøygde. I nynorsk er det eit trekjønnssystem for substantiva – det vil seie hannkjønn, hokjønn og inkjekjønn (intetkjønn). Vi bøyer substantiva i bundne og ubundne former i eintal og fleirtal.

Hannkjønnsord har artikkelen ein framfor seg, f.eks. ein gut, ein buss, ein eksamen. Den vanlegaste måten å bøye orda på er etter dette mønsteret: ein buss – bussen – fleire bussar – alle bussane. Det finst unntak, men dei liknar stort sett på bokmålsunntaka: f.eks. ein mann – fleire menn, ein fot – fleire føter.

Hokjønnsorda har artikkelen ei framfor seg, f.eks: ei dame, ei stjerne og ei bukse. I bokmål kan ein velje mellom å skrive «en/ei dame, en/ei stjerne, en/ei bukse», men på nynorsk er altså hokjønnsorda heilt avskilt frå hannkjønnsorda. Bøyinga følgjer som regel dette mønsteret: ei jente – jent– fleire jenter – alle jentene. Merk at hokjønnsorda endar på -er og –ene i fleirtal, slik som i bokmål. Unntak frå denne regelen er ord som endar på -ing, som får same bøying som hannkjønnsord. Eksempel: ei dronning – dronninga – fleire dronningar – alle dronningane.

Inkjekjønnsorda har artikkelen eit framfor seg, og det er dei same orda som har artikkelen «et» i bokmål. Eksempel er: eit eple – eplet – fleire eple – alle epla. Legg merke til at det manglar r-ending i ubestemt fleirtal på nynorsk. Det heiter f.eks. eit bilete – fleire bilete, ikkje fleire bileter.

Dersom du er i tvil om kva kjønn ordet har, er det lurt å slå opp i ordboka. Der vil du også finne korleis ordet blir bøygd.

Verb
Ei anna stor ordklasse er verb – ofte kalla handlingsord eller gjeningsord. Verba blir først og fremst bøygd i tid, det vil seie presens (notid), preteritum (fortid) og perfektum (ferdig fortid).

Det er vanleg å skilje mellom sterke og svake verb. Mange av dei svake verba endar på -a i preteritum og -ar i presens, f.eks:
– å kaste – kastar – kasta – har kasta, – å hoppe – hoppar – hoppa – har hoppa.
Verb som sluttar på -ere, f.eks. gratulere og studere, blir bøygde på same måte som i bokmål: -å studere – studerer – studerte – har studert, å gratulere – gratulerer – gratulerte – har gratulert

Hos dei sterke verba er det meir varierande bøyingsmønster. Det som kjenneteiknar sterke verb er at dei skiftar vokal mellom formene, f.eks. å skrive – skriv – skreiv – har skrive. Legg merke til at det ikkje er ending i preteritum (fortid) – men at vokalen inni ordet har endra seg. Dette kjenneteiknar det sterke verba. Eit godt tips er at mange av dei sterke verba i bokmål også er sterke i nynorsk. Ei oversikt over sterke verb finn du på denne sida: http://offentlegrom.sprakradet.no/staten/minigrammatikk/tema/sterke-verb

Adjektiv

Adjektiv er den tredje store ordklassa, og dette er ord som fortel om eigenskapar. Vi seier gjerne at adjektiv kan gradbøyast i tre kategoriar: positiv, komparativ og superlativ.

Dei fleste adjektiv følgjer same mønsteret, her vist med adjektivet tøff: tøff – tøffare – tøffastMerk at endingane er -are og -ast i nynorsk, mens det er -ere og -est i bokmål.

Nokre adjektiv følgjer ikkje dette mønsteret, men endrar seg mellom formene. Eksempel på slike adjektiv er få – færre – færrast, god – betre – best, liten – mindre – minst. Dette gjeld stort sett dei same adjektiva i bokmål og nynorsk. I tillegg er det ein del adjektiv som blir gradbøygd med meir og mest, for eksempel spennande – meir spennande – mest spennande. Dette gjeld lange adjektiv, i tillegg til adjektiv som endar på -isk, -a og -ete, f.eks. komisk, sinna og tøysete.

Hilde jobber som hjelper i Skolehjelp.

Hilde jobber som hjelper i Skolehjelp og er forfatter av dette kræsjkurset.

Få ekstra hjelp i eget hjem før eksamen!

Les mer om vårt opplegg her!