Kræsjkurs i nynorsk – del 3: Skrivetips og språkutvikling

Når du har fått på plass den grunnleggjande grammatikken og rettskrivinga, er neste steg å skrive ein tekst med god flyt. Det er viktig å bruke tid på skrivetrening. Øv deg på å finne gode ord og uttrykk, forme setningar med god klang, og flette dei saman til ein samanhengande tekst. Kanskje finn du inspirasjon til å utvikle språket ditt ved å lese bøker på nynorsk?

Gode setningar er ein viktig byggjestein teksten. Sjølve setningsoppbygginga er ikkje så ulik i nynorsk og bokmål, men det er nokre fallgruver du bør unngå. Eit tips er å styre unna genitiv-s, altså eigedomsformer som endar på -s, for eksempel: «Lines søster» og «skolens ansatte». Dette er vanlege formuleringar i bokmål, men blir ikkje brukt i nynorsk. I staden for «Lines søster» kan ein skrive «søstra til Line», og «skolens ansatte» kan skrivast om til «skulen sine tilsette». Om du får til dette under eksamen blir det med ein gong betre nynorskklang!

I tillegg bør du vere obs på ord som startar på -an og -be, eller sluttar på -het og -else. Slike ord er sjeldne på nynorsk, og som regel finst det gode alternativ som kan erstatte bokmålsorda. Nokre eksempel på slike ord:

– begynnelse – byrjing
– anbefale – tilrå
– frihet – fridom
– rettferdighet – rettferd
– samvittighet – samvit
– undersøkelse – undersøking
– forberedelse – førebuing

Eit supertips: i nynorskordboka er det ofte ei tilleggsliste som viser omsetjing av ord frå bokmål til nynorsk. Dersom du nyttar «Nynorsk ordliste» av Alf Hellevik finn du denne lista heilt bak i boka.

Under eksamen er det mykje å hugse på, og det kan vere vanskeleg å halde orden på alle reglar. Kanskje kan det vere til hjelp å skrive ned ei liste med arbeidsoppgåver du ynskjer å fokusere på under eksamen. Dersom du f.eks. veit at du slit med å bøye verb, kan det vere ein god idè å lage ei oversikt over dette og ta med deg.

Dersom du ikkje skal opp i nynorskeksamen før neste år, er det beste tipset å setje av tid til å lese mykje nynorsk. Finn ein forfattar du likar, og les så mange bøker du orkar. Kanskje kan det vere ein idè å lese nettaviser på nynorsk, finne ein nynorskblogg, eller kva med å skrive nynorskdagbok på eiga hand? Det viktigaste er å prøve å få eit godt forhold til språket, og ikkje bli skremt.

Tips til gode nynorskbøker:
Carl Frode Tiller – «Innsirkling«-trilogien
Agnes Ravatn – «Fugletribunalet», «Veke 53», «Oppdrag sjølvdisiplin»
Are Kalvø – «Syden», «Harry», «Nød».
Frode Grytten – «Vente på fuglen», «Rom ved havet, rom i byen», «Saganatt», «Popsongar»
Gunnhild Øyehaug – «Vente, blinke», «Knutar».

I tillegg dukkar det ofte opp tekstar av dei eldre, klassiske forfattarane i eksamensoppgåvene, og det vil vere ein stor fordel å ha kjennskap til desse. Dersom du vil utfordre deg sjølv kan du f.eks. lese ei bok av Tarjei Vesaas eller Arne Garborg, eller kanskje ei diktsamling av Olav H. Hauge. Lat deg inspirere av språket, og plukk gjerne opp ord og uttrykk som du sjølv kan bruke i tekstane dine.

Hilde jobber som hjelper i Skolehjelp.

Hilde jobber som hjelper i Skolehjelp og er forfatter av dette kræsjkurset.

Få ekstra hjelp i eget hjem før eksamen!

Les mer om vårt opplegg her!